Artikkel
Lukka flytande oppdrettsmerdar
MAR har utført dimensjonering av glassfiber-merdane til AFE med produktnavn NEPTUN1,2,3
MAR har i perioden 2012-2016 utført fleire krevande prosjekt for AquaFarm Equipment AS (AFE). MAR har utført dimensjonering av glassfiber-merdane til AFE med produktnavn NEPTUN1,2,3. Prototypen vart sjøsett i 2013 og nr.2 vart sjøsett i 2015.
I lukka merdar vert vatn pumpa inn i merden, og det er muleg å samle opp avfallet og bruke det f.eks. til gjødsel på land. Sjøvatnet vert pumpa opp frå djupet, og dermed er der ingen lus/alger/etc., eller oljesøl for den del, i sjøvatnet. Dessutan har sjøvatnet nesten same/ideelle temperatur heile året. NEPTUN merdane er bygde i glasfiber, eit materiale som til dømes ikkje rustar og som kan ha lang levetid i sjø. Forutsetninga er imidlertid at merden vert konstruert slik at den tåler miljølastene som kan forekome på lokaliteten, og at den tåler verknaden av å opphalde seg i lang tid i eit maritimt miljø. MAR utfører berekningar til dei fleste typer lastbærande konstruksjonar som står eller flyt på/under havflata her i våre farvatn.
.png&w=384&q=75&dpl=dpl_DAwJ1EJL7j2z7oBHwCZup3hDkmKh)
