MAR har igjen teke på seg nye og ukjende utfordringar som høyrer med når ein ny og uprøvd flytande konstruksjon skal dimensjonerast. Denne flytande merden skal huse oppdrettskveiter i store mengder.

Det er oppdrettsfirmaet AGA Halibut AS ( som no heiter Tubilah AS) som har «tenkt utanfor boksen» og som har vist MAR tillit ved å inngå avtale om dimensjonering av denne konstruksjonen. Den fyrste (stålkonstruksjon) vart sjøsett ca. i 2014 og denne siste versjonen (stål+glasfiber) skal sjøsettast til våren 2016.

Konstruksjonen har uvanleg lite djuptgåande og er difor svert ulik andre lukka merdar, og kombinasjonen liten T og stort B/T-forhold gjer at konstruksjonen samstundes er svert ulik eit skipsskrog i same storleik. Dvs. at konvensjonell teori/erfaring ikkje kan nyttast utan vidare, og det er berre direkte berekningar som eignar seg.