Strømningsberekning vert kalla Computational Fluid Dynamics (CFD), og kan brukast til å simulere strøymande fluider, ein fluid er enten ein gass (til dømes luft) eller ei væske (til dømes vatn). Med ei strømningsberekning kan ein simulere væskestraum eksternt (til dømes utvendig rundt ei lukka merd) eller internt (til dømes innvendig i ei lukka merd) eller begge deler samtidig (for eksempel eit luseskjørt som er både lukka og ope samtidig). Det vanlege er at modellforsøk av/med fluidstraum vert utførde ved å byggje ein fysisk modell av ein konstruksjon, tilsetje ein fluid, og så setje konstruksjonen eller fluiden i bevegelse, og så måle hastigheit, trykk etc. med avanserte måleinstrument, og fotografere med avanserte kamera etc. Ei strømningsberekning gjev om lag same resultat som eit «modellforsøk», bortsett frå at dette er eit modellforsøk utført på datamaskin.

Figuren ovanfor viser eit eksempel på ein CFD-analyse utført av eit luseskjørt. Vi forutset her at merden har rikeleg med lodd slik at veggane i luseskjørtet har sylinderform. Figuren viser eit vektorplott av hastgheita rundt eit typisk luseskjørt. Fargane viser ulike hastigheit. Blå er lav fart, raud er høg fart.

Figuren ovanfor viser eit vektorplott (i eit vertikalt plan) av hastigheita til vatnpartiklane utanfor og inni og under skjørtet. Dette er eksempel på strømningsanalyser MAR leverer til oppdrettsbransjen. MAR leverer same type analyser av luftstraum og vasstraum i ventilar, rør, kar, kanalar…..til dømes til offshore bransjen.